Me i Stord Rockeklubb engasjerar oss for å hjelpa til med å skaffa til vegs ein samlingsstad der alle musikarar på Stord, uansett sjanger, kan treffas og utveksla erfaringar og ynskjer og ikkje minst ha det sosialt saman. Det er og ynskjeleg at denne staden skal kunna gjerast om slik at me kan laga til fleire øvingslokaler i samband med dette for at etterspurnaden etter slike lokaler skal kunna dekkast. Dette er utruleg viktig for ein stad som Stord som har eit slikt yrande musikkliv. Kanskje ein på denne måten og kan få til samarbeid over grensene mellom dei ulike stilartane? Mogelegheitane er mange, men for å kunne komma noko veg med dette er det viktig at folk støttar opp om dette. Både musikarane sjølve, men og andre som deler interessen for musikk og som vil støtta opp om tiltaket! Dette kan ein gjera ved å leggja seg til på Facebook-gruppene Stord Rockeklubb og Musikere på Stord eller nytta diskusjonsforumet på nettstaden vår. Alle kreative innspel og idear er hjarteleg velkomne. Me har prøvd å oppnå kontakt med kommunen, men dei har ingenting å komma med i denne saken så derfor må me ta saken i eigne hender. Me har engasjert media i saken og håper me på denne måten kan få litt ekstra blest om saken og forhåpentlegvis dei tilbakemeldingane me treng. Me lovar å holda dykk oppdatert så snart det skjer noko i saka!