Klubben har no vedteke at medlemskontingenten slik den har vore tidlegare skal takast vekk.
Stord Rockeklubb har frå 1. januar 2011 gått over til at ein no kan støtta klubben ved å verta støttemedlem. Prisen for dette er satt til kr 100,- pr kalenderår.
Me oppmodar medlemar av klubben til å sjekka dato på medlemsbevisa sine då dei fleste no er utgått på dato. For å reaktivera medlemskapet oppmodar me derfor dykk alle til å sjekka opp i dette og ta kontakt med dykkar informasjon på nytt dersom de vil fortsatt vera medlem og støtta klubben sitt arbeid.
Som støttemedlem i klubben vil ein fortsatt få fri inngang på klubbkvelder (non-live) og ein vil og oppnå hyggjelege prisar i forbindelse med våre arrangement og konsertar hjå den aktuelle utestaden. I tillegg vil ein få rabatterte prisar på arrangement i regi av andre medlemmer av Norsk Rockforbund der dei tilbyr medlemspris.
Støttemedlemskap i Stord Rockeklubb er no som nemnt satt ned til kr 100,- og vil vera gyldig ut 2011 så her gjer ein lurt i å vera tidleg ute for å få mest mulig valuta for pengane! Til informasjon kan me opplysa om at alle midlar som kjem inn via støttemedlemskap går uavkorta til konsertdrift. Det vil seia at jo fleire støttemedlemar me får med oss jo fleire konsertar kan me arrangera og jo større artistar kan me ta inn.
Innmelding og reaktivering av utgått medlemskap gjer du enklast via mail.
Send oss ein mail til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen med navn, adresse, mobiltelefonnummer, fødselsdato og di private mailadresse. Me bekreftar så snart som mogeleg at innmelding er motteke og sender deg medlemsbevis og fakturakopi pr post så snart innbetalinga di er registrert.
Innbetaling gjer du direkte til konto 3520.60.96916 (husk å merka denne med ditt navn).
Me har planar klare for diverse både klubbkveldar og konsertar utover våren allereie så følg med på sida vår på Facebook og her på heimesida for oppdateringar etter kvart som avtalene er i boks. Me oppmodar alle som brukar Facebook til å leggja oss til der sidan det er den kanalen som lettast og oftast blir oppdatert med tanke på nye arrangement osv.
Klubben treng også fleire frivillige som kan vera med å dra lasset i forbindelse med konsertane og klubbkveldane så er du interessert i dette høyrer me gjerne frå deg. Me treng hjelp til rigging, teknisk, salg av billettar og effekter m.m.
Me vonar også at dei som har mogelegheit til det er med å støttar klubben med Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Dette gir oss eit viktig tilskot og er med på å halda liv i klubben slik at me kan fortsettja med konsertdrift osv.







